fredag 7. januar 2011

På jakt etter eit undervisningsopplegg

Eg har undervist i tre semester no på eit vidaregåande kurs i ”Norsk for utlendingar”, som det heiter her eg er. Det er eit kurs med ein nokså avansert studieplan, med djupdykk i både språkhistorie, dialektlære og akademisk skriving, og med eit overordna fokus på idiomatikk og pragmatikk. For å supplere pensum med noko ”lettare” og samstundes jobbe målretta med ord og uttrykk, har romanen Brødre i blodet av Ingvar Ambjørnsen vorte brukt i ei årrekkje på dette kurset. Eg gjer meg kvart semester så ulike erfaringar med dei ulike studentane og deira reaksjon på boka, at eg ved oppstarten av kvart nye semester alltid er i tvil om eg skal halde fram med nett denne romanen. Noko av motivasjonen for å halde fram er samstundes nettopp alle dei ulike reaksjonane romanen skapar, som kan verke forstyrrande på det planlagde opplegget mitt, men som nettopp derfor tilfører diskusjonane nye og meir spennande perspektiv. Enkelte reagerer på det litterære nivået og meiner at det er for banalt til å bli klassifisert som skjønnlitteratur. Andre synest boka er veldig artig og klarer å sjå noko allmenngyldig ved Ellingkarakteren, medan andre igjen ikkje klarer å forstå problemstillingar som om ein forteljar kan vere påliteleg eller upåliteleg, og derfor misliker boka fordi dei misliker personen Elling.

Vel. Eg skulle skrive litt om undervisningsopplegget mitt knytt til denne boka, og eg har etter å ha jobba mykje med mål og kriterie på FPPU vorte meir og meir kritisk til korleis vi jobbar med romanen på kurset. Noko av ”problemet” er at boka skal vere eit lite pustehol frå det tyngre stoffet vi skal gjennom, og at eg derfor har vore nokså utydeleg, trur eg, når det gjeld kva studentane skal ha oppnådd etterpå (anna enn å ha kome seg gjennom ein norsk roman og forstått at det finst ulike stilnivå i norsk). Vi har lese eit par kapittel for veka, studentane har lagt fram små referat, vi har trekt ut viktige ord og uttrykk og vi har diskutert ulike tolkingar. Men kva slags konkret kunnskap er det eg ønskjer dei skal sitje att med etterpå? Det merker eg at eg bruker meir tid på å definere no, men eg er ikkje nøgd med korleis eg får klargjort dette for klassen. Det blir sjølvsagt eit stort språkleg fokus, fordi norskkunnskapen til studentane ikkje er god nok til å forstå alt på ordnivå. Dessutan er boka proppfull av ordtak og språklege bilete som ikkje er lette å trenge gjennom for utlendingar, og særleg ikkje når Elling til dels bruker dei feil. Då er det lett for at frustrasjonen over språket tar overhand og gjer leseopplevinga vanskeleg for dei som slit mest. Kan hende må eg gripe dette an meir individuelt enn eg har gjort før, og saman med dei enkelte studentane prøve å definere individuelle mål – nokon har nok med å arbeide med språket, medan andre er på så høgt nivå at dei kan konsentrere seg meir om innhaldet og tolkinga. Men korleis tar ein vare på/oppmuntrar til leseglede for dei svakaste då? Er det eigentleg eit umuleg utgangspunkt å ha èin tekst alle skal gjennom utan at gruppene er mest muleg homogene?

2 kommentarer:

  1. Jeg synes det høres ut som en fin bok å bruke i skolen. Det at det er ulike oppfatninger av boka, er jo (som du sier) et flott utgangspunkt for diskusjoner. Å ha samme boka for alle, kan være problematisk. Det har jeg selv opplevd ofte i skolen. Løsningen er å ha ulike bøker i blant. Men jeg synes nok det er en fordel å jobbe med felles bok til tider også. Men kanskje er individuelle mål - slik du foreslår - en idé her. Eller hva med gruppemål?

    SvarSlett
  2. Det er flott at du, som også jeg, gjennom studiene har blitt mer kritisk til eget undervisningsopplegg! Slik blir vi bedre lærere:) Å bruke en skjønnlitterær bok som avveksling må vel være en fordel, selv om læringsutbyttet er ulikt. Diskusjoner skaper rom for utvikling og forståelse.

    SvarSlett