fredag 7. januar 2011

FOU

Eg jobbar med FOU i framandspråk, og ikkje norsk. Så då høyrer kan hende dette ikkje heime på norsk-bloggen, men på den andre sida har nokon kanskje synspunkt på temaet uansett? I FOU-prosjektet vårt ønskjer vi å undersøkje ulike vurderingsformer i arbeidet med omsetjing av tekstar frå norsk til tysk i ein vg1-klasse med framandspråk nivå II. Spørsmåla vi stiller handlar om korleis ulike former for respons og etterarbeid vil påverke læringsutbyttet til elevane og motivasjonen deira for eiga læring.

Å velje akkurat omsetjing som aktivitet er ikke heilt uproblematisk - men ein type aktivitet måtte vi velje, og med denne, som det er mange meiningar om, kan vi kanskje få til å diskutere korleis vurdering (og ikkje berre aktiviteten) kan bidra til læringsutbyttet til eleven på ein tydeleg måte.

Synet på omsetjing som språklæringsmetode i framandspråk har veksla med ulike læringssyn. I dag kan ein få inntrykk av at omsetjing blir avskrive som ein “gamaldags” og altfor teoretisk læringsmetode i kontrast til det sterke fokuset læreplanen har på kommunikativ kompetanse og praktisk tilnærming til framandspråket. Likevel tilseier erfaringa vår at den konvensjonelle “grammatikk og omsetjings”-metoden til ein viss grad framleis pregar framandspråksundervisninga, ¬i form av at omsetjing framleis blir mykje brukt. Vi skal undersøkje dette nærmare gjennom å spørje framandspråkslærarar om deira bruk av omsetjing, og vi vil diskutere korleis ein arbeider med omsetjing i klasserommet. Vi diskuterer måla for arbeidet primært ut i frå hovudområdet Språklæring i læreplanen. Men kan omsetjing også fremje kommunikative ferdigheiter i form av auka språkforståing (sosio-kulturelle ferdigheiter) og sterkare språkmedvit i framandspråket, og såleis forsvare ein plass i framandspråksundervisninga også i eit praktisk/kommunikativt perspektiv? Ved å vere med på å velje denne aktiviteten, avslører eg vel at at eg meiner det, at det ikkje nødvendigvis er nokon motsetnad her, men vi får sjå kva empirien tilseier. Vi er ferdige med det meste av datainnsamlinga og klasseromsarbeidet, så no gjenstår det å samle og tolke trådane.

På jakt etter eit undervisningsopplegg

Eg har undervist i tre semester no på eit vidaregåande kurs i ”Norsk for utlendingar”, som det heiter her eg er. Det er eit kurs med ein nokså avansert studieplan, med djupdykk i både språkhistorie, dialektlære og akademisk skriving, og med eit overordna fokus på idiomatikk og pragmatikk. For å supplere pensum med noko ”lettare” og samstundes jobbe målretta med ord og uttrykk, har romanen Brødre i blodet av Ingvar Ambjørnsen vorte brukt i ei årrekkje på dette kurset. Eg gjer meg kvart semester så ulike erfaringar med dei ulike studentane og deira reaksjon på boka, at eg ved oppstarten av kvart nye semester alltid er i tvil om eg skal halde fram med nett denne romanen. Noko av motivasjonen for å halde fram er samstundes nettopp alle dei ulike reaksjonane romanen skapar, som kan verke forstyrrande på det planlagde opplegget mitt, men som nettopp derfor tilfører diskusjonane nye og meir spennande perspektiv. Enkelte reagerer på det litterære nivået og meiner at det er for banalt til å bli klassifisert som skjønnlitteratur. Andre synest boka er veldig artig og klarer å sjå noko allmenngyldig ved Ellingkarakteren, medan andre igjen ikkje klarer å forstå problemstillingar som om ein forteljar kan vere påliteleg eller upåliteleg, og derfor misliker boka fordi dei misliker personen Elling.

Vel. Eg skulle skrive litt om undervisningsopplegget mitt knytt til denne boka, og eg har etter å ha jobba mykje med mål og kriterie på FPPU vorte meir og meir kritisk til korleis vi jobbar med romanen på kurset. Noko av ”problemet” er at boka skal vere eit lite pustehol frå det tyngre stoffet vi skal gjennom, og at eg derfor har vore nokså utydeleg, trur eg, når det gjeld kva studentane skal ha oppnådd etterpå (anna enn å ha kome seg gjennom ein norsk roman og forstått at det finst ulike stilnivå i norsk). Vi har lese eit par kapittel for veka, studentane har lagt fram små referat, vi har trekt ut viktige ord og uttrykk og vi har diskutert ulike tolkingar. Men kva slags konkret kunnskap er det eg ønskjer dei skal sitje att med etterpå? Det merker eg at eg bruker meir tid på å definere no, men eg er ikkje nøgd med korleis eg får klargjort dette for klassen. Det blir sjølvsagt eit stort språkleg fokus, fordi norskkunnskapen til studentane ikkje er god nok til å forstå alt på ordnivå. Dessutan er boka proppfull av ordtak og språklege bilete som ikkje er lette å trenge gjennom for utlendingar, og særleg ikkje når Elling til dels bruker dei feil. Då er det lett for at frustrasjonen over språket tar overhand og gjer leseopplevinga vanskeleg for dei som slit mest. Kan hende må eg gripe dette an meir individuelt enn eg har gjort før, og saman med dei enkelte studentane prøve å definere individuelle mål – nokon har nok med å arbeide med språket, medan andre er på så høgt nivå at dei kan konsentrere seg meir om innhaldet og tolkinga. Men korleis tar ein vare på/oppmuntrar til leseglede for dei svakaste då? Er det eigentleg eit umuleg utgangspunkt å ha èin tekst alle skal gjennom utan at gruppene er mest muleg homogene?

torsdag 4. mars 2010

Frå avisa

Eg har ikkje fått med meg så mykje om den nye reforma lærarutdanninga skal gjennom, men denne artikkelen i Dag og tid var både opplysande og urovekkjande. Nordiskprofessor Kjell Lars Berge v/ UiO seier m.a. at reforma ikkje forheld seg til Kunnskapsløftet. Ein annan forskar (Trippestad) hevdar at det er den farta stadig nye reformar i skulen blir pressa gjennom med som fører til kvalitetssvikt:
– Det blir inga tid att til implementering, høyringar, fagplanutvikling og til å utvikle gode fagbøker. Dermed får ein understraum av uintenderte effektar, som blir den eigentlege reforma, og som ingen aner konsekvensen av eller har oversyn over. (...) I staden for å ta tida til hjelp skuldar dei på at lærarane er inkompetente, og at elevane har låg moral.

tirsdag 16. februar 2010

Fag, NO!

Det var fint å få ei påminning på It's learning om kva vi skulle gjere med bloggane våre, for som de ser av tidlegare innlegg, var eg i full gang med å skli ut både på det herlege Internettet (men den barnesenga ER fin, altså) og med å kringkaste alle mulege fritidsaktivitetar (iallfall ein). Men - eg har lagt til eit par lenkjer som eg brukar mykje i jobbsamanheng og skal prøve å samle fleire. Eg merker uansett at eg synest det er artig med blogg. Det er kjekt viss vi kan få til å kommunisere noko fagleg til kvarandre gjennom dei, sjølv om vi jo har It's learning òg.

Eg sit og skal skrive ferdig norskoppgåva no. Eg synest det går litt tungt, for eg underviser ikkje i skulen for tida og har inga eiga erfaring å knyte til det eg skriv om. Men - noko som ikkje går så tungt: eg starta norskkurset eg har for utlendingar dette semesteret med å setje studentane opp for "Ord for dagen" (triks frå Torlaug) kvar måndag, så no startar vi kvar veke med artige innspel frå studentane. Det fungerer overraskande godt, og eg trur det har lagt lista litt lågare for å snakke i gruppa elles òg, altså. Er det nokon som har fleire tips til små aktivitetar ein kan ta innimellom lange økter, og som også passar vaksne studentar?

fredag 12. februar 2010

Brok!


Dette har eg gjort i staden for å skrive på oppgåva mi. I helga skal det bli ein annan dans ...

torsdag 11. februar 2010

Fag og fag



Eg hadde vel i utgangspunktet tenkt at denne bloggen kunne brukast i studiesamanheng, men inntil vidare er det fristande å leggje ut andre ting her og ... Til dømes denne fantastiske senga! Eg er sikker på at Dolpolen Jr ønskjer seg denne fælt.

tirsdag 2. februar 2010



Når vi får slike bensinstasjonar, skal eg vurdere å ta lappen, eg òg. Eg likar språkpolitikken på Island.