tirsdag 16. februar 2010

Fag, NO!

Det var fint å få ei påminning på It's learning om kva vi skulle gjere med bloggane våre, for som de ser av tidlegare innlegg, var eg i full gang med å skli ut både på det herlege Internettet (men den barnesenga ER fin, altså) og med å kringkaste alle mulege fritidsaktivitetar (iallfall ein). Men - eg har lagt til eit par lenkjer som eg brukar mykje i jobbsamanheng og skal prøve å samle fleire. Eg merker uansett at eg synest det er artig med blogg. Det er kjekt viss vi kan få til å kommunisere noko fagleg til kvarandre gjennom dei, sjølv om vi jo har It's learning òg.

Eg sit og skal skrive ferdig norskoppgåva no. Eg synest det går litt tungt, for eg underviser ikkje i skulen for tida og har inga eiga erfaring å knyte til det eg skriv om. Men - noko som ikkje går så tungt: eg starta norskkurset eg har for utlendingar dette semesteret med å setje studentane opp for "Ord for dagen" (triks frå Torlaug) kvar måndag, så no startar vi kvar veke med artige innspel frå studentane. Det fungerer overraskande godt, og eg trur det har lagt lista litt lågare for å snakke i gruppa elles òg, altså. Er det nokon som har fleire tips til små aktivitetar ein kan ta innimellom lange økter, og som også passar vaksne studentar?

5 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Hei Nina. Flott blogg du har. Kjenner meg igjen når du beskriv kor lett det er å kome på avvegar på det store internett. Her i huset har vi viterferie denne veka og eg har tenkt å nytte ferien til litt skulearbeid innimellom skiturar og andre aktivitetar. Skal prøve å få på plass nokre veiledningsdokument. Oppgåva mi i norsk er ferdig. Eg valgte den "munnlege". Interessant, eg ser på den munnlege dimensjonen i skulen med nye augo etter dette. Ser du har lagt ut lenkjer til nettsstader, her kjem to tips til: http://moava.org/
    http://delogbruk.ning.com/
    Helsing Randi

    SvarSlett
  3. Takk for det, delogbruk er eg jo tom. medlem av, så den må eg iallfall legge ut!

    SvarSlett
  4. Hei Nina! Flott blogg du har! Jeg har vel ikke noen konkrete eksempler på hva du kan bruke som små innspill i lange timer. Men i engelsken på FPPU har vi sett at det kan være greit å bruke f.eks. sanger, dikt og bilder til nyttige "avbrekk". Både det å synge sammen, skrive egne smådikt og tolke bilder kan gi mye, både språkmessig/grammatisk og muntlig. Alle klarer som regel å si LITT om det meste. Eli :-)

    SvarSlett
  5. Torlaug er super! Jeg kommer også til å benytte meg av triksene hennes.

    Buksa og senga (akkurat ei slik som M også ønsker seg) er forøvrig veldig fine:)

    SvarSlett